HjemNyheterJulehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

På julaftan skal det vera seks julegudstenester på Osterøy. Ei på Osterøytunet og ei i kvar av dei fem kyrkjene våre. Alle desse skal avsluttast med at ein syng «Deilig er jorden». Sjølv føretrekk eg nynorskversjonen «Fager er Jordi», men eg har måtte akseptera at det er førstnemnde som vert nytta i julegudstenestene på Osterøy.

Det kan verka spesielt å synga om at jorda er deilig eller fager i den tida me lever i. Dei siste åra har vore prega av krig og elendigheit, både i Europa og seinast no i Midtausten. Spesielt sterkt er det å tenke på at hendinga me markerer no i jula faktisk fann stad der me no ser bilete av ruinar etter bombenedslag.

Det vesle barnet som kom til verda for 2000 år sidan, vart svøypt og lagt i ei krubbe. Det var ikkje rom i herberget, så Maria og Josef måtte søka ly for natta i ein stall. Det var enkle kår, og me likar å tru at no, 2000 år seinare, har verda utvikla seg i positiv retning. Slik er det diverre ikkje. Eg vil tru at for dei fødande i området i dag vil ei krubbe og ein stall vere som luksus å rekna berre ein får fred frå bomberegnet.

Men, sjølv oppi alt dette skjer det gode ting og mirakel. Jula er og tida for å markera det. I bunn og grunn markerer me i jula kva for eit mirakel og ei glede det er når eit nytt born kjem til verda. Dette trur eg er ei glede me alle kan ta del i, uavhengig av religion og livssyn.

Det er og krevjande for ein del her heime. I jula er det eit ekstra fokus på dei som ikkje har det så lett i samfunnet vårt. Det rører meg og sjå korleis folk stiller opp for kvarandre. Eg håpar dette er noko me held fram med. Det å hjelpa til er viktig ikkje berre i jula, men heile året rundt.

Tradisjonar er ekstra viktig no på denne tida. I jula har ein sine eigne tradisjonar, får oppleva andre sine tradisjonar og ein kan skapa nye tradisjonar saman. Personleg trur eg at alle menneske har godt av å ta del i tradisjonar, sjølv om ein ikkje alltid kan forklare dei med fornuft. Me menneske har godt av å føle at me er ein del av noko større som går over mange generasjonar. Ætt skal fylgje ættarrad, som det står i salmen. Eg trur det er ei av hovudårsakene til at jula er ei så viktig tid for så mange. At ein føler på at ein får delta i eit stort fellesskap av tradisjonar med djupe røter som strekk seg tilbake fleire hundre, om ikkje tusen år i tid.

For meg er tradisjonen med å delta på julegudsteneste viktig. Frå eg var liten drog mine besteforeldre meg med i Gjerstad Kyrkje. Der og då skal eg vera ærleg å sei at eg ikkje syns det var særleg kjekt, men i dag er eg veldig glad for at eg fekk ta del i den tradisjonen og dette er i dag ein av dei viktigaste juletradisjonane for meg.

Mitt råd denne jula er at ein fokuserer på tradisjonane. Fokuser på det som er større enn deg sjølv, framfor materialistiske verdiar. Prøv å dele denne gleda med neste generasjon. Reflekter over og kjenn på fellesskapen me er så heldige å få vera ein del av framfor å tenke og knipe på pakkene under treet.

Eg vil ynskje alle ei fredeleg jul og eit riktig godt nytt år!

 

Ordførar i Osterøy, Lars Fjeldstad 

Foto: Ordførar Lars Fjeldstad.

Hamre kyrkje - jul 2018 - forograf: britt Margun Marøy Rød

Foto: Julestemning ved Hamre kyrkje. Fotograf: Britt Margun Marøy Rød


Sist oppdatert: 21.12.2023
Publisert: 21.12.2023