Invitasjon til Frukostmøte på Osterøytunet den 12.03.24
Osterøy kommune har behov for fleire samarbeidsrelasjonar og vi ynskjer derfor å koma i dialog med dykk som er engasjert i bygging, arkitektur, landskapsarkitektur, entreprenørar med meir (og seinare vert det utlysing og anbodskonkurransar). Eller kanskje har du kunnskap om, eller kunne tenka deg å driva ein: butikk, ein kafe, kiosk, gartneri, garnbutikk, bakeri, grøn saks bod, velværeklinikk, frisør? Her er moglegheitene mange og vi ynskjer først å fremst å få idear, og kanskje kan det enda opp i eit godt samarbeid på sikt.
Program for frukostmøte tysdag 12.03.24:
- Kl 0800 Velkommen og litt kaffi med noko å bita i.
- Kl 0815 Informasjon om Omsorg+ prosjektet.
- Kl 0900 Idémyldring om korleis vi kan samarbeida vidare om å skapa eit godt senter på Hauge.
Påmelding innan 10. mars til : nina.thorbjornsen@osteroy.kommune.no
Sjå link for meir info: Invitasjon til Frukostmøte 12.03.24
Sist oppdatert:
04.03.2024
Publisert:
01.03.2024