AVLYST! Invitasjon til dialogmøte om næringsrelaterte plan- og byggesaksprosessar i Osterøy kommune
Kommunen vil delta med politikarar og folk frå administrasjonen
Tema er:
Arbeidet med kommunale planar og byggjesaker er ein sentral del av korleis Osterøy kommune legg til rette for god næringsutvikling. I ein situasjon der kommunen har særleg trong økonomi er det difor viktig at næringslivet opplever at dette skjer så effektivt som råd er.
Kommunen ynskjer å ha fokus på korleis plan- og byggesaksarbeidet vert opplevd.
Stikkorda er:
- Overordna tilbakemelding på samarbeidet med Osterøy Kommune
- Kva har skapt mest forseinking/fordyring/forvirring?
- Erfaringar frå andre kommunar som Osterøy kan læra av?
- Reflekterte råd innanfor roller, regelverk, planar og kostnadsrammer?
Målet med møtet er å læra for å verta betre slik at alle involverte, på begge sider, arbeider meir effektivt med plan- og byggesaker. Det er ikkje eit møte for å diskutera avgjerder i enkeltsaker
Vennleg helsing
Aksel Mjøs
Utvalsleiar, Plan og kommunalteknisk utval
Sist oppdatert:
15.03.2020
Publisert:
09.03.2020