Innspel til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Denne våren har vi henta inn informasjon frå lag og organisasjonar, ungdomsrådet og hatt opne møter der vi har fått mange gode innspel og tilbakemeldingar om kva som er bra innanfor dei tilboda som finnes i dag, og kva som kan verte betre. Dette gjeld både idrettsanlegga våre og korleis vi kan skape nye arena som gjer at fleire får moglegheit til fysisk aktivitet.

Det er eit godt idrettstilbod i dag, og ungdommen er stort sett nøgde. Samstundes saknar mange eit breiare tilbod av aktivitetar. Vi treng difor dine idear og ønskjer til denne planen.

Vidare er moglegheita for fysisk aktivitet på Osterøy stor, og vi ønskjer innspel til korleis vi kan nytte naturen vår, samstundes som vi tek den i vare. Moglegheita skal vere der for innbyggarar i alle aldrar og for alle funksjonsnivå.

Innspel og frist

Ønskjer du å kome med innspel til planen, send ein e-post til post@osteroy.kommune.no , eller pr brev til Osterøy kommune, postboks 1, 5293 Lonevåg.

Fristen er sett til 31.august 2022.

Ønskjer du å lese planprogrammet for kommunedelplanen, finn du den her. 

Spørsmål

Spørsmål kan rettast til Linda Svidal Nordås og Wenche-Mari Bliksås.


Sist oppdatert: 23.06.2022
Publisert: 22.06.2022