HeimNyheterInnsending av krav pga mangel på veterinær

Innsending av krav pga mangel på veterinær

Osterøy kommune seier seg særs lei for at vi mangla tilbod om veterinær på vakt i perioden 22.4 kl. 16 – 28.4 kl. 16. Vi veit at det har ført til dyrelidingar og at nokre av dykk har måtte avlive eitt eller fleire dyr. Kommunen vil erstatte dyr som ein har måtte avlive eller som er døde grunna mangel på veterinær. Dette gjeld ikkje dei som får erstatning gjennom husdyrforsikringa. Det er eit krav at du kan vise fram kvittering på deponering av dødt dyr. Krav sendast til postmottaket i kommunen. Legg inn kontonummer i kravet.

Kommunen vil prioritere å handsame krava.


Sist oppdatert: 12.05.2022
Publisert: 12.05.2022