HjemNyheterIngen nye smittetilfelle

Ingen nye smittetilfelle

I dag kan smittevernlegen melde at alle som har vore smitta av koronavirus no er friskemelde og er ute av isolasjon. Med andre ord er det ingen på Osterøy som no er aktivt sjuke av korona og er i isolasjon.

Koronateamet jobbar no med plan for vaksinering. Om dei mest optimistiske anslaga slår til, kan me forventa å tilby koronavaksine til prioriterte grupper allereie i januar 2021.

Slik det ser ut no er det mest sansynleg at Pfizer/BioNTech si vaksine kjem først til Noreg. Om alt går som planlagt vil denne få ei betinga godkjenning frå europeiske legemiddelmynde rundt nyttår.

Når me får ei godkjent vaksine skal me vere godt førebudde og ha ein tydelig plan på korleis vaksinasjonen skal skje. Det vil kome meir informasjon om dette etter kvart.


Sist oppdatert: 14.12.2020
Publisert: 14.12.2020