HeimNyheterInformasjon om oljeutslepp i Lonevåg

Informasjon om oljeutslepp i Lonevåg

  • Oljeservice AS har starta undersøking på vegne av Vestland fylkeskommune på Tide buss tomta og har observert oljehaldig væske i tre miljøbrønnar.
  • Det er gravd holer diverse stader på tomta. Det vart registrert olje i eit av hola. Olja vert fjerna og ein observerer staden fram til det ikkje vert registrert ytterlegare tilsig. Utover sommaren vil Oljerservice AS jobbe med å suge opp olje der det er funne.
  • Det vil framleis kome olje ut i vågen ei stund til, og i varierande mengde. Lensene vert fjerna når det berre er «blushine» som kjem ut i vågen. Det er Vestland fylkeskommune som har ansvar for å byte lensa og eventuelt legge ut fleire/nye lenser.

Kva olje er det som lekk ut?

Det er funnet at væska er bio-diesel (HVO), som vert nytta som fyringsolje.

HVO (Hydrogenert Vegetabilsk Olje) er eit miljøvenleg alternativ til tradisjonell diesel, og tidlegare generasjonar biodrivstoff. HVO100 er mindre giftig enn fossil diesel og vert klassifisert som ikkje skadeleg for organismar i vatnet.

Har du spørsmål?

Du treng ikkje ringe vakttelfonen til Osterøy brann-redning om dette utsleppet i vågen.

Har du spørsmål om oljeutsleppet kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune.


Sist oppdatert: 05.07.2024
Publisert: 05.07.2024