HeimNyheterInformasjon om asfaltering i Mjelddalen og Vesetgjelet

Informasjon om asfaltering i Mjelddalen og Vesetgjelet

Oppdaterting 23.10.23:
Etter litt nærare planlegging av arbieda i Mjelddalen legg me no opp til at ei køyrebane vert halde open der det er to køyrebaner/plass til å passera. Det kan likevel verta ventetid på inntil 15 min på generelt grunnlag.
Einaste plassen der det vil verta behov for litt lengre stenging er det smale partiet mellom husa (ca. ved nr. 148). Her kan det bli ventetid på inntil 30-40min. Alle bussar i rute vert ikkje påverka.
Opprinneleg melding:

Vi ynskjer å informere om at det i samband med vatn og avlaupsprosjektet som har pågått frå Mjelddalen til Espevoll vert asfaltering der grøftetraseen har gjort inngrep i vegbana veke 43 (23. – 27. oktober).

I Mjelddalen er det partivis heile vegbana som skal asfalterast opp igjen, og framkommelegheita vert dårleg, gjerne med vegstenging i inntil 2 timar. Det er fleire parti oppover frå ca. hus nr. 169 og opp til øvste svingen før Ambogen. Arbeida i Mjelddalen er planlagt frå måndag til onsdag, 07:00 til 15:00, med mogelegheit for forlenging eit par timar utover ettermiddagen. Vi oppfordrar då trafikkantar til å nytta omkøyringsveg via Kvisti medan arbeida pågår.

I Vesegjelet/Kolabakken vert det også asfaltering same veka. Her er arbeida planlagt gjennomført onsdag og torsdag, 07:00 til 15:00, med mogelegheit for forlenging eit par timar utover ettermiddagen. Her vil det alltid væra ei køyrebane open, men det vert manuell dirigering, og kan bli venting/stenging i inntil 15 minutt.  


Sist oppdatert: 23.10.2023
Publisert: 17.10.2023