HeimNyheterInformasjon og status på arbeida med nye vass- og avlaupsleidningar frå Mjelddalen til Espevoll.

Informasjon og status på arbeida med nye vass- og avlaupsleidningar frå Mjelddalen til Espevoll.

Mykje av traseen i Mjelddalen er ferdig. Her har det pågått arbeid på natt, i partiet der vegen er smalare mellom husa, dei siste 5 vekene. Her var det naudsynt med full vegstenging for å kome fram med grøfta, og det blei kun godkjent på natt av vegeigar. Her har vi gravd opp partivis kvar natt, lagt ned røyr eller kummer og lukka igjen kvar morgon til vegopning. Dette har difor vore tidkrevande arbeid, og mykje av ressursane har gått på natt, slik at det har vore mindre aktivitet på dagtid i den siste månaden. Nattarbeida vert avslutta denne veka. Her skal vi i dei neste vekene gjere ferdig arbeida rund ein ny avlaupspumpestasjon, div. sluttarbeid og klargjering for asfaltering som er planlagt mot slutten av oktober.

 

Nedanfor Vesetgjelet var det to parti der røyr skulle leggast i borehol. Det nedste partiet har gått som planlagt (i beite nedafor vegen), men då ein skulle bore seg under hovudvegen og kome opp igjen ved sida av vegen (der det står eit ope hol i dag) oppstod et vanskar. Det blei støtt på så dårleg fjell at borehol rasa saman og arbeid måtte innstillast. Det blei forsøkt å injisere boreholet med betong for å redda boreholet og oppretthalda framdrift, men det var ikkje mogeleg. Det har diverre medført ein stans i arbeida på dette partiet den siste månaden. Anlegget måtte prosjekterast om, og det måtte sendast søknad om endra løysing og trase ifm. vegkryssinga til vegeigar. Denne er no godkjent og arbeida startar opp igjen i veke 40. Vegen skal no kryssast med vanleg grøft, og det vert eit køyrefelt ope i perioden. Det vert framleis lysregulering, med manuell dirigering etter behov. Arbeida med kryssing og elles i Vesetgjelet er planlagt avslutta og asfaltert, slik at det vert normal ferdsel i slutten av oktober.

 

Arbeida over Veset blei i hovudsak ferdigstilt og avslutta på forsommaren. Det gjenstår litt ifm. trykkaukestasjon for vatn der ein kjem opp frå Vesetgjelet. Arbeid med høgdebasseng og tilhøyrande utstyr øvst på Veset, nærmar seg også ferdig.


Sist oppdatert: 28.09.2023
Publisert: 28.09.2023