HeimNyheterInfluensa- og koronavaksinering 2023/2024

Influensa- og koronavaksinering 2023/2024

Vaksinane er venta inn til kommunen i løpet av veke 42.

Har du fastlege i kommunen?

  • Då kan du få både influensa- og koronavaksine hjå fastlegen din dersom du er anbefalt å ta desse vaksinane.
  • Bestill vaksinetid (etter veke 42) ved å senda elektronisk timebestilling "timeønske" gjennom helsenorge.no/app, eller ring ditt legekontor for å avtale tid. Gje beskjed om du vil ha ei eller begge vaksinane.

Har du ikkje fastlege?

  • Om du ikkje har fastlege, og er anbefalt vaksine, kan du få influensa- og koronavaksine på Osterøy helsestasjon.
  • Det vert drop-in på helsestasjonen 13.11, 16.11 og 04.12 mellom kl. 13.00-17.00.
  • Nytt helst desse vaksineringsdagane, men om tidspunkta ikkje passar, ta kontakt med helsestasjonen på tlf. 45374506.

Barn og gravide

  • Kan få vaksine på helsestasjon.  
  • Ta kontakt via Helse Norge, eller på telefon 45374506.

Pris

  • Influensavaksinen kostar 250 kr.
  • Koronovaksinen er gratis.

Tilsatt i kommunen?

Alle tilsette i Osterøy kommune får tilbod om gratis influensavaksine. Desse får eigen informasjon internt. 

Osterøy kommune har for tida ikkje avtale med apotek om koronavaksinering.

 

Influensa: Trykk her for meir informasjon om kven som er anbefalt vaksine.

Korona: Trykk her for meir informasjon om kven som er anbefalt vaksine. 


Sist oppdatert: 09.10.2023
Publisert: 09.10.2023