HeimNyheterIndikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar

Indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar

Prosjektet har fått støtte frå Regionale forskingsfond Vestland: https://www.regionaleforskningsfond.no/vestland/aktuelt/nyheiter/2021/millionar-til-forsking/

I tillegg til Osterøy deltek Fitjar, Kinn, Kvam, Luster, Lærdal, Sogndal, Voss og Trondheim kommune og Vestland fylkeskommune i prosjektet.  Sintef og Vestlandsforsking er forskingspartnarar.

Prosjektet skal utvikle eit sett med indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar for å kartlegge sårbarheit og lokale utfordringar.

Prosjektet vil vere nyttig for kommunane i kartlegginga av klimasårbarheit, utarbeiding av klimaplanar og ROS-analysar samt gje ein objektiv status på kor klimatilpassa kommunen er. Dette vil vonleg gje betre avgjerdsstøtte mellom anna gjennom økonomiske indikatorar, gje auka aksept for klimatilpassingstiltak og større forståing for behovet for planlegging for eit klima i endring.


Sist oppdatert: 03.03.2021
Publisert: 03.03.2021