HeimNyheterI gang med omsorg+ prosjektet

I gang med omsorg+ prosjektet

Det er politisk bestemt at i omsorg+ prosjektet på Osterøy skal gjera følgjande:

  • Ha færre langtidsplassar på institusjon og fleire bustadar med heildøgnsomsorg
  • Bygge demenssenter etter landsbyprinsippet med totalt 56 plasser, på Hauge
  • Bygge 69 nye omsorgsbustadar, med heildøgns omsorg på Hauge
  • Bygge om Osterøytunet til eit senter for medisinsk/somatisk behandling
  • Sikre at heimetenesta har ein god nærleik og god samhandling med omsorgsbustadane som skal byggast
  • Bygge nytt dagsenter

Arbeidsseminar i oktober 

På arbeidsseminaret vårt, som gjekk over tre dagar i oktober, hadde vi samla totalt 30 personar. Dei fleste var kommunalt tilsette, med representantar frå ulike fagområde som: vernepleiar, sjukepleiar, fagarbeidarar, fysioterapeut, ergoterapeut, lege, sosionom, reinhaldar, kjøkkentilsette, vaktmeister, brann og beredskap, velferdsteknologi, hovudtillitsvalt, verneombod, planavdeling med planleggar og arkitekt. I tillegg til desse var pårørande, to representantar frå eldrerådet og ein representant frå ungdomsrådet med på seminaret.

Målet med desse tre dagane var å få belyst korleis sikra at dei framtidige bebuarane får ein alderdom prega av eit heimleg miljø, der ein kan fortsetta å delta i samfunnet, men i trygge rammer. Brukarane skal ha anledning til å få delta i ulike aktivitetar, og nettverket skal ha ein naturleg rolle og plass i brukarane sine aktivitetar og heim. For å sikra ein best mogeleg rekruttering må ein skapa eit arbeidsmiljø som er attraktivt og effektivt og såleis aktuelt for gode fagfolk.

Gode diskusjonar

Representantane vart fordelt i ulike arbeidsgrupper, på tvers av profesjonar, og de fekk i oppdrag å diskutere ein del spørsmål, samt å utarbeide ein rapport frå kvar gruppe. Gruppa dei var fordelt i hadde ulike tema som: Visjonar og verdiar, helsefag i bygg, bygnings messig og uteområdet, tilsette og tverrfagleg samarbeid, frivilligheit og pårørande, og aktivitetar.

Vi hadde tre fine dagar, med stort engasjement og gode diskusjonar både i plenum og i gruppene. Alle gruppene produserte kvar sin utfyllande rapport, og vi føler derfor at vi no har komme godt i gang med prosjektet vårt.


Sist oppdatert: 01.11.2023
Publisert: 01.11.2023