Ha ei branntrygg juletid
Her er seks gode råd for ei branntrygg juletid:
- Sjekk at røykvarslarane dine verkar og at du har fungerande sløkkjeutstyr tilgjengeleg
- Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
- Gå aldri frå eit rom med levande lys og aldri set eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt. Unngå å bruke brennbare lysestakar!
- Sjekk alltid ein ekstra gong at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset
- Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime
- Ha brannøving i heimen. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du mykje betre førebudd om det skulle begynne å brenne.
Sist oppdatert:
21.12.2022
Publisert:
21.12.2022