HeimNyheterFelles kontaktsenter

Felles kontaktsenter

Kommunane skal svare sentralbord for kvarandre, og målet er at ein større del av innbyggjarane skal få svar ved fyrste kontakt. 

Utvida opningstid

For deg som ringer Osterøy kommune (56192100) er det ein positiv endring allereie frå første dag. Me utvidar opningstida på telefon frå kl. 09-13 til 09-15 måndag til fredag. (Rådhuset vil framleis stenge kl. 13.00, med unntak av vestibylen ved hovudinngangen der du kan hente hurtigtestar til kl. 15.00).

Pilotperioden ein suksess

Gulen og Samnanger kommunar har vore pilotkommunar i prosjektet. Oppstart var i september i fjor, og det har vore ein stor suksess og servicenivået har auka.

Dette er ikkje ei flytting av arbeidsplassar. Dei tilsette i kontaktsenteret skal jobbe i den kommunen som dei er tilsett i dag, og dei vil få eit større fagleg fellesskap, og auka kunnskap og kompetanse. Samarbeidet vil også redusere sårbarheit ved å få eit større fellesskap rundt innbyggjarbetening. 

 

Etterkvart vil også Masfjorden kommune slutta seg til kontaktsenteret.

Me ser fram til eit spanande og godt samarbeid med våre nye kollegaer!


Sist oppdatert: 02.03.2022
Publisert: 02.03.2022