HjemNyheterFeilsendt påminning frå Helseboka

Feilsendt påminning frå Helseboka

Det har blitt sendt ut meldingar frå Helseboka med påminning om timer som var avlyst. Som opplyst i Bygdanytt, på heimesida til kommunen, Facebook og i SMS til dei som hadde booka time, så er vaksinering denne veka avlyst i påvente av ny vaksine. Me beklagar at det vart sendt ut påminning om timen etter dette, som har skapt forvirring. Det blir opplyst om nye vaksinedagar så snart me veit når me får dei nye vaksinene.  


Sist oppdatert: 15.09.2022
Publisert: 15.09.2022