HjemNyheterEt steg mot sertifisering - Miljøfyrtårn

Et steg mot sertifisering - Miljøfyrtårn

I samband med fleire politiske vedtak og at kommunen held på med å verte Miljøfyrtårnsertifisert, er Familie- og omsorgssenteret no klare for å starte med kjeldesortering. For å skape litt blest og engasjement, måtte vi finne på noko sprell. Grunna Korona vart det ei digital markering av opninga.

Miljøfyrtårnansvarleg for Familie- og omsorgssenteret Mona Neu Hatland og ordføraren Lars Fjeldstad fortalte om bakgrunnen for at vi no startar med kjeldesortering og kvifor dette er viktig for kommunen.
Etterpå fortalte Mona historia om restavfallet som hadde herska på senteret, men som no vert utfordra av andre avfallstypar som vil kjeldesorterast.
Ivrige medarbeidarar stilte opp, utkledd som plast, papir og glass og metallavfall.

Etter skodespelet gjekk Mona og ordføraren rundt med lefser til dei tilsette på senteret som ein ekstra oppmuntring og påminning om at no er det kjeldesortering som gjeld!

Og etter langt og lenge, og lengre enn langt kan vi endeleg seie at kjeldesortering i gang!

Sjå videoen frå den offisielle opninga her: 

Kjeldesortering

Kjeldesortering


Sist oppdatert: 01.09.2020
Publisert: 01.09.2020