HeimNyheterEkstraordinært tilskot til kommunale næringsfond

Ekstraordinært tilskot til kommunale næringsfond

Søknadsfrist 25. oktober 2020. 

I samband med statleg Covid-19 krisepakke, har Vestland fylkeskommune tildelt Osterøy kommune ei tilskotsramme på kr. 1 222 123 som skal delast ut som eit ekstraordinært kommunalt næringsfond.

Formål

Covid 19-utbrotet har gitt utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kan motverke negative konsekvensar av pandemien og stimulere til auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping.

Kven kan søke støtte?

Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktørar blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Kva det kan gis tilskot til?

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

Tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial

Tiltak som motverkar negative konsekvensar av Covid-19-utbrotet

Tiltak som kjem raskt i gang

​Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstiga 75 prosent.

Utbetaling av tilskot

Tilskotsmidlane utbetalast etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast inntil 50 % etter kvart som tilskotsmottakaren dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

Del- og sluttutbetaling og rapportering /innsending av dokumentasjon, må skje gjennom oppretta brukarprofil på www.regionalforvaltning.no

Det må leverast prosjektrekneskap som er attestert av autorisert regnskapsfører saman med sluttrapport. Tilskot utbetalast forhaldsmessig ift tilsagnet sin del av kostnadsoverslag. Jf. Statlege retningslinjer blir ikkje annan form for innsending av utbetalingsanmodning /rapportering godteke.

Offentlege opplysninger

Opplysninger som blir gitt i søknaden, vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleghetslova, med mindre anna er tydeleg presisert i søknaden.

Korleis søkje

Søknad må sendast via www.regionalforvaltning.no

etter oppretting av eigen bruker. Søk på "Osterøy kommune" i søkjefeltet for å finne utlysinga.

Kontaktperson:

Berit Karin Rystad, sektorleiar samfunnsutvikling

E-post: ​berit.karin.rystad@osteroy.kommune.no

Mobil:90619328


Sist oppdatert: 25.09.2020
Publisert: 25.09.2020