HjemNyheterEigenberedskap: Er du førebudd?

Eigenberedskap: Er du førebudd?

Den landsomfattande eigenberedskapsveka 2024 blir gjennomført frå måndag 28. oktober til søndag 3. november. 

Kan ramme oss

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd – mellom anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.  

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølve i ei veke. Det er fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. I løpet av veke 44 får alle husstandar ei brosjyre i posten med oppdaterte råd om eigenberedskap. Det er lurt å ta vare på denne brosjyren.

Oppdaterte eigenberedskapsråd

Den nye brosjyren inneheld viktig informasjon og oppdaterte råd om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser. Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølve i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.

Trykk her for å lese brosjyren.

Trykk her for sjekkliste for eigenberedskap.

Formålet med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggande behova i ei krise: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Du finn alltid god og oppdatert informasjon om eigenberedskap på nettsida sikkerhverdag.no.


Sist oppdatert: 28.10.2024
Publisert: 28.10.2024