HjemNyheterEigedomsskatt 2020

Eigedomsskatt 2020

Eigedomsskatteliste for 2020 er no lagt ut til offentleg gjennomsyn.
Publisert: 28.02.2020
Sist endra: 28.02.2020

Du kan lese eigedomsskattelista for 2020 her. Du kan og finna lista på servicekontoret i Rådhuset.

Heradsstyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2020 er 7,0 promille.

For bustadeigedomar og fritidseigedomar er det vedteke skattesats på 5,0 promille.

Dette er ein auke frå 4,15 promille frå 2019 og denne auken vart vedteke i Heradstyret 11. desember 2019.

I byrjinga av mars vil det verta sendt ut eigedomskattesedlar der det òg vert orientert om klagetilgjenge. 

Eigar kan klaga på taksten som er lagt til grunn for eigedomsskatten.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg innan 6 vekar frå utlegginga og må innehalde ei nærare grunngjeving for kvifor taksten er feil.

Eventuell klage kan sendast til Osterøy Kommune , Eigedomsskattekontoret, Geitaryggen 8, 5282 Osterøy eller på e-post til post@osteroy.kommune.no

Trykk her for å lese eigedomsskattelista 2020.