HeimNyheterBruk beskyttelsesbriller på nyttårsafta

Bruk beskyttelsesbriller på nyttårsafta

Hugs også vernebriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri.

Bruk av fyrverkeri er berre lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Det skal ikkje brennast av fyrverkeri, uansett klasse, dersom det kan oppstå fare for brann eller personskade.

I Noreg er det totalforbod mot å skyte opp rakettar med styrepinne. Bruk av naudrakettar er alltid forbode dersom det ikkje er ein reell naudsituasjon.

 

10 gode råd om bruk av fyrverkeri

  1. Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid og finn ein eigna stad.
  2. Les bruksanvisninga nøye før bruk.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.
  5. Bruk vernebriller og tennstav.
  6. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og komme deg på trygg avstand.
  7. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.
  8. Hald god avstand frå oppskytinga.
  9. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
  10. Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal returnerast til forhandlar. Brannvesen, politi eller gjenvinningsstasjonar tar ikkje imot dette.

 


Sist oppdatert: 21.12.2020
Publisert: 21.12.2020