HjemNyheterBrot på fiberkabel

Brot på fiberkabel

Telenor melder at brot på ein fiberkabel i Indre Arna har ført til utfall av mobilstasjonar. Kundar har difor redusert eller ingen dekning.

Basestasjonane det gjeld dekker Gaupås og Osterfjorden. Berørte områder på Osterøy er meldt å vera Haus - Valestrandsfossen.

I tillegg er det noko utfall på telefoni (fasttelefon) på Osterøy; Lonevåg, Hosanger, Fotlandsvåg, Hartveit, og 950 breibandskunder er råka.

Estimert rettetid er kl 03 i natt.


Sist oppdatert: 14.06.2021
Publisert: 14.06.2021