HjemNyheterBrannvesenets dag i Bergen

Brannvesenets dag i Bergen

Det vert dessverre ikkje open brannstasjon på Osterøy i år, men vil du likevel ha ein spanande og lærerik dag for både store og små kan du ta turen til Nygårdsparken laurdag 21. september frå kl. 11.00 til 14.00.

Der byr Bergen brannvesen på morosame aktivitetar for heile familien.

Dette er nokon av aktivitetane barna kan prøve:

  • Prøvesitte brannbil
  • Delta i kunnskapsløypa og vinn fine premiar
  • Sløkkje brann i kar
  • Få ein Bjørnis-tatovering
  • Spyle med brannslange
  • Prøve ekte brannbekledning

Brannbamsen Bjørnis kjem sjølvsagt også på besøk, og har show frå scena ca. kl. 13.30.

Arrangementet er gratis.

For meir informasjon og kart over aktivitetane sjå nettsida til Bergen kommune.

Følg med på Bergen brannvesen si Facebook-side for meir og oppdatert informasjon. 


Sist oppdatert: 13.09.2024
Publisert: 13.09.2024