HjemNyheterBorna hjelper brannvesenet å trygge julen

Borna hjelper brannvesenet å trygge julen

Brannvesen over heile landet – frå Vardø i nord til Kristiansand i sør –  skal besøke barneskular i sine kommuner før jul. Det betyr at eit område på nesten 1, 8 millionar innbyggjarar er med på denne viktige førjulskampanjen. 

Farligast heime

Det er diverre ikkje utan grunn at så mange brannvesen set av store delar av november til å besøke skulane i sine områder. Dei fleste brannar oppstår i bustadar og vi står no framføre ein travel og kald adventstid: Vi fyrer i peis og omn, lage meir mat enn vanleg, pyntar med stearinlys og overbelastar det elektriske anlegget med julelys i alle variantar.

 

Filmer frå heile landet

Julekalendaren er bygga opp på tradisjonelt vis med luker som skal opnast kvar dag. Bak kvar luke finn borna ei nettadresse til dagens luke i den tilhøyrande nettkalendaren. Bak lukene i nettkalendaren ligg konkurranser, oppgåver og filmsnuttar. Filminnslaga er frå brannvesen og born fra ulike stadar i Noreg, og alle innslaga handler sjølvsagt om brannførebygging.

Gå inn på brannvesenets julekalender her.

 

Brannfolk i Osterøy Brann-redning har saman med born bidratt til innhaldet som ligg bak luke 23. Luken lar seg ikkje opne før denne datoen, men vi gler oss til å opne den og sjå at vi formidlar eit viktig bodskap.

 

Born gode ambassadørar

Brannvesenet ønskjer å presisere at det er dei vaksne sitt ansvar å passe på at sløkkjemiddel og røykvarslare er på plass, og at brannfarleg pynt og dekorasjon ikkje blir brukt. Men brannvesenet er mykje i kontakt med born elles i året og har god erfaring med denne målgruppa som holdningsambassadørar i hus og heim.

 

Brannførebygging i koronaens tid

Det har vært eit spesielt år for heile Noreg og vi i brannvesenet veit at situasjonen kan endre seg raskt – over heile landet, eller kanskje spesielt lokalt. Eg håpar at eg, fysisk, kan få besøkt alle skulane på Osterøy med kampanjen, men har alternative planar om det ikkje er mogeleg.

 

Ta kontakt med branninspektør i kommunen for meir informasjon.

Åge Færestrand

Branninspektør

Telefon: 413 060 30

E-post: age.faerestrand@osteroy.kommune.no

 


Sist oppdatert: 06.11.2020
Publisert: 06.11.2020