HeimNyheterBesøksrutinar Osterøytunet

Besøksrutinar Osterøytunet

Frå og med 24.08.20 opna me opp for utvida besøk ved Osterøytunet.

Me opplever at nokon pårørande dessverre ikkje overheldt smitteverntiltaka våre, og vil difor minne om rutinane som gjeld.

No er det aukande koronasmitte i Bergen og elles i samfunnet, og dette uroar oss. Eg vil be ALLE pårørande om å hjelpe oss med å redusere fare for smitte inn på sjukeheimen og at de føl dei retningslinene som gjeld.

Me endrar ikkje per i dag på besøksrutinane våre, men ber dykk ha forståing for at personalet i gruppene kan måtte sei nei til besøk på bakgrunn av desse rutinane.

Eg vil også orientere om at me frå 28.10.20 vil halde inngangsdør til Osterøytunet stengt på ettermiddag og helg. De må kontakte avdelinga for å kome inn.

Gjeldande rutine:

  • Besøk må som før avtalast på førehand med personalet i gruppa, helst dagen før.
  • Me ber om at besøk føregår etter klokka 11.00 og at ein unngår besøk i samband med måltid og i vaktskiftet.
  • Når de ringjer for å avtale tidspunkt for besøk, vil personalet fylle ut eit skjema med namn, telefonnummer og dato/klokkeslett for besøket. De vil også bli spurt nokre spørsmål knytt til helsetilstand.  Dette er viktig for å kunna komme raskt i gang med smittesporing dersom det oppstår smitte på Osterøytunet. Skjemaet vil bli makulert etter 2 veker.
  • Besøk inne på rommet til pasienten er avgrensa til 1 besøk i veka. Unntak frå dette for ektefelle. Me opnar opp for at ektefelle kan komme når ynskjeleg, men også avtalt på førehand.
  • Det kan ikkje være meir enn 2 besøkjande inne samstundes. Alle besøkjande må kunne ivareta smittevernråda.
  • Besøkjande blir henta av personalet utafor avtalt inngangsdør og følgt til pasienten sitt rom. Besøkjande kan ikkje opphalda seg i fellesrom.
  • Me har ikkje restriksjonar på tal besøk utandørs.  Ved besøk ute, blir pasienten følgt til avtalt stad av personalet i gruppa. Dersom pasienten sit i rullestol kan de kjøra ein tur i nærområdet.
  • Pasientar som er alvorleg sjuke eller har spesielle behov kan, etter avtale,
    få hyppigare besøk eller besøke familie heime.

Smittevernreglane gjeld fortsatt:

  • Besøkjande må vera friske og utan milde symptom på luftvegsinfeksjon eller andre nyoppståtte symptom.
  • Besøkjande må ikkje vera i karantene eller isolasjon
  • Besøkjande kan ikkje ha vore utanlands siste 10 dagar
  • Besøkjande må utføra handhygiene med handdesinfeksjon ved ankomst, også ved besøk utandørs.
  • Besøkjande må minst halda 1 meters avstand både til pasient og personale, både utandørs og innandørs.
  • For dei bebuarane som ikkje har føresetnader for å etterleva smittevernreglane, er me klar over at det kan bli meir nærkontakt enn tilrådeleg. Me vurdere likevel at det er viktig for dei at dei får kontakt med sine næraste pårørande.

Me minner om å framleis nytta nettbrett og telefon til kontakt slik at ein unngår mange besøk.

Me ber om forståing for at besøksrutinane kan bli stramma inn igjen dersom det kjem nye smittetilfelle i kommunen.          

Me ber om at de hjelper oss med å informerer resten av familien og andre som ynskjer å koma på besøk.                      

Med venleg helsing Åse Vevle, Einingsleiar Osterøytunet


Sist oppdatert: 29.10.2020
Publisert: 29.10.2020