HjemNyheterBesøksreglar på Osterøytunet

Besøksreglar på Osterøytunet

Me vil i denne tida likevel minna kvarandre på kva me har lært om hygiene og smittespreiing under pandemien. God hoste- og handhygiene, unngå besøk til folk i risikogruppa når ein er sjuk etc er noko me har vorte drilla på.

Enkelte bebuarar på sjukeheim er ikkje/vil ikkje bli vaksinert grunna eige ønske eller av helsemessige årsaker, og det er difor viktig å oppretthalde gode hygieniske rutinar for å verna desse bebuarane. Nokon kan og verta sjuke sjølv om dei er vaksinert.

Gjeldande hygienereglar:

  • Besøkjande må vera friske og utan milde symptom på luftvegsinfeksjon eller andre nyoppståtte symptom.
  • Besøkjande må ikkje vera nærkontaktar til smitta personar.
  • Besøkjande må utføra handhygiene med handdesinfeksjon ved ankomst, også ved besøk utandørs.

Det er viktig å hugsa på at koronaviruset framleis er i samfunnet. Sesonginfluensaen står for døra slik den gjer kvar vinter. Me håper fortsatt på å unngå å få smitte inn på Osterøytunet og me vil  måtta stramma inn igjen reglar  dersom me får eit utbrot her.

Me minner om å framleis nytta nettbrett og telefon til kontakt. Nokon av oss har god erfaring med dette og det er til glede for dei pasientane som kan nytta seg av det.

Besøksrutinane våre no baserer seg på tillit til dykk som besøkjande.
Eg ynskjer at me kan ha ein god dialog og samarbeid om eventuelle utfordringar og spørsmål.  

 Med venleg helsing Åse Vevle,  Einingsleiar 


Sist oppdatert: 07.10.2021
Publisert: 07.10.2021