HeimNyheterÅrets influensavaksine

Årets influensavaksine

Fram til 1. desember er influensavaksinene forbeholdt risikogrupper og helsepersonell med pasientkontakt. Dette gjeld også for vaksinering på apotek. Dei som er i ei av risikogruppene kan frå veke 43 og utover, ta kontakt med fastlegekontoret sitt for å få avtale om vaksinering.
Eigenandelen er i år 50 kroner og det er gratis om du har frikort. Helsepersonell får vaksine av kommunen og dette organiserast i dei ulike einingane.
Nytt av året er at enkelte grupper får tilbud om ei eige vaksine som heiter FLUAD. Den aukar immunresponsen og skal gi betre effekt hjå eldre enn den tradisjonelle influensavaksina. FLUAD kjem i ei begrensa mengde og skal t.d gjevast til pasientar på sjukeheimen. Sjukeheimsbebuarar vaksinerast av tilsette på sjukeheimen. Me ventar levering av FLUAD i november og dei vil bli vaksinert så snart som råd etter levering.
Les meir om vaksina og sjekk om du er i prioritert risikogruppe via lenka under.

Sist oppdatert: 27.10.2020
Publisert: 27.10.2020