Alt brøytemannskap er ute på vegane
Det er også kalla inn ekstra mannskap på nokre av brøyterodane, for å ta unna det som kjem ned. Nokre gongar samanfell slike vêrsituasjonar dessverre med feil og skadar på utstyr, som kan forseinka arbeidet. Når grøfter alt står fulle i snø og brøytekantane veks slit ein også med å få plassert snøen, noko som aukar tida det tar å fullføra roda.
Vi ber om forståing for at det i første omgang vert prioritert å få vegen «kjørbar». Så vil det verte ei større finpussing når snøfallet avtek, dette inkluderar parkeringsplassar og anna.
Vi vurderer at vegen til, er viktigare enn snøfri parkering når det lavar ned på denne måten.
Uønska hendingar
Det har vore nokre hendingar med høglytte og truande personar både langs vegen retta mot brøytemannskap og på telefon. Dette er på ingen måte akseptabelt. Vi ber difor alle om å tenke seg om og respekterer følgande punkt:
- Dei som har brøytekontraktar med kommunen skal hjelpa alle innbyggarane, ikkje kun enkeltpersonar.
- Dersom ein ringer til vakttelefon eller direkte til kontraktør, ber me om at ein oppfører seg anstendig og respektfullt mot person i andre enden.
- Det går ikkje snarare av å purre opp kontraktør eller vakttelefonen med 15-45 min mellomrom. Dei kjem så snart dei kan.
- Det snør heile døgnet, og det vil komma ny snø bak traktoren så lenge det er slik.
- Samtalar med trugande tilnærmingar blir ikkje høgare prioriterte, men vil derimot verte vurdert for vidareformidling til politiet.
- Ved stopp av mannskap som er ute for å gjera jobben sin, og påfølgande grove tilnærmingar og trugsmål, så oppfordrar vi mannskapet til å kontakta politiet og melde inn saka.
Vi ber innstendig om at alle har forståing for at snøryddinga tar tid og mannskapet skal og ha tid til å kvila mellom slaga. Ver høfleg når du tar kontakt. Vi kjem og hjelper når det er din tur.