HjemNyheter24 personar er bekrefta smitta av koronaviruset i Osterøy kommune

24 personar er bekrefta smitta av koronaviruset i Osterøy kommune

Oppdatert 18.04.2020:
36 bekrefta smitta av koronaviruset i Osterøy kommune.

 

Oppdatert 15.04.2020:
Koronateamet jobbar kontinuerleg med oppfølging av situasjonen med påvist koronasmitte i kommunen. I dag 15.04.20 kan me melda at smitteoppsporinga har avdekka 4 nye tilfelle av koronavirus. Det vil seie at me totalt har 24 bekrefta tilfelle av koronavirus i kommunen.

 

Oppdatert 14.04.2020:
Koronateamet har jobba kontinuerleg med oppfølging av situasjonen med påvist koronasmitte i kommunen. I dag 14.04.20 kan me melda at smitteoppsporinga har avdekka 11 nye tilfelle av koronavirus. Det vil seie at me totalt har 20 tilfelle av koronavirus i kommunen.
Koronateamet melder at dei no har testa 142 personar. Totalt er talet på ostringar som er testa noko høgare enn dette då nokon er testa av anna helsepersonell blant anna på legevakta.

 

12.04.2020:
Koronateamet har gjennom heile påska jobba kontinuerleg med oppfølging av situasjonen med påvist koronasmitte i kommunen. Smitteoppsporinga har ført til at me no har avdekka 7 nye tilfelle av koronavirus. Me har no testa totalt 123 personar og har totalt 9 bekrefta tilfelle av koronavirus i kommunen.

Sist oppdatert: 20.04.2020
Publisert: 12.04.2020