HeimNyheter17. mai intervju med eldste innbyggjar på Valestrand

17. mai intervju med eldste innbyggjar på Valestrand

Alfhild Tvedt (fødd Fotland) kom til verda heime på Burkeland 23. februar 1919. Ho var nummer tre i ein søskenflokk på 7 - ein bror og 6 systre. Broren var svært populær i syskenflokken og dei vaks opp i ein heim med ei god mor og ein god far.
Frå godstolen på rommet sitt på Osterøytunet fortel ho at det ikkje var så mykje som skjedde i barndommen.
«Me aka på krubba i måneskinnet om vinteren, hoppa paradis og leikte ballspel på myra om sommaren. Om vinteren imponerte bestefar oss. Han tok av seg skorne og sprang barbeint rundt i snøen med oss ungane etter i tresko.»
Ho likte å hesja og hjelpte til i slåttonna også på nabogarden til far til Nils Koppen. «Du var flink til å hesja», sa han Nils i ettertid.
Tidleg måtte ho læra seg å mjølka og turane til skogs for å finna kyrne kunne ofte bli lange, over Burkelandsfjellet og bortover mot Grevegardane.
Mjølka skulle leverast på meieriet på Valestrand og turen dit var til fots med 15-20 liter i mjølkespannet på ryggen.
På garden hadde dei kyr, sauer og hest. Seinare fekk dei traktor og lastebil.
Om vinteren dreiv faren med isskjæring på Valestrandsvatnet. Isen vart frakta med skuter til bodene i Skuteviken der bestefaren hadde isforretning. Der vart isen seldt vidare til forretningar og private i Bergen.
Alfhild gjekk på gamleskulen på Valestrand og hadde Hammer til lærar. Han var grei, men og «nøye på da». Friminuttane var populære med leik og ballspel på skuleplassen ved innkøyringa til Vardalen.
I august 1940 gifta ho seg med Karl Olai Tvedt frå Tveiten på Osterøy.
På spørsmål om kven som fridde var ho ikkje i tvil: Det var han som gjorde det, men ho hugsa ikkje om det var i bilen.
Som nygifte budde dei i småstova i huset ho vaks opp i. Seinare bygde dei seg hus på Burkeland og fekk etter kvart 4 born.
Alfhild var husmor mykje av tida, men fekk seg etterkvart løna jobb, fyrst på Valestrand, seinare på Mjeldes Skofabrikk på Breistein. Ho likte å sy sko.
Karl Olai arbeidde på garveriet på Valestrand. Derifrå kunne han sjå over til Breistein og vinka til si kjære Alfhild når ho var på veg heim med ferja.
Livet er ikkje berre ein dans på roser. Dette fekk og Alfhild og familien oppleva.
Sveinung, einaste guten hennar, som var svært glad i bestefaren sin, var ofte med han i arbeidet på garden. Ein dag skulle bestefaren til Reigstad og henta kjøt til bryllaupet til Alfhild sin bror Lars.
Sveinung var med på turen. Ved Meieriet bykser ein hund framfor hesten. Sveinung vert slengt av vogna og døyr seinare av skadane.
Heldigvis hadde dei Kirsten (gift Rød), men det vart likevel ei svært tung tid for Alfhild og familien.
Doktoren sa til Alfhild at ho måtte prøva å få seg eit barn til snarast råd for å få noko anna å tenkja på. Det skjedde slik doktoren hadde tilrådd. Fyrst vart det Legunn (gift Thomsen), seinare Sissel (gift Henriksen).
«Inni meg er eg ein ungdom. Eg var 18 fram til eg vart 90, og no er eg litt eldre,» seier ho med glimt i auget.
Ho gir ros til dei tilsette på Osterøytunet: «Her har me det fint og vert tekne godt vare på. Me har frisør og fotpleie, konsertar og dans, basar og handarbeidstreff», seier ho.
«E da ‘kje 102 eg e», avsluttar ho i det underteikna og dottera Legunn avsluttar intervjuet.
Alfhild Tvedt

Sist oppdatert: 18.05.2021
Publisert: 18.05.2021