HjemNyheter10 gode råd om bruk av fyrverkeri

10 gode råd om bruk av fyrverkeri

Auge og ansikt er spesielt utsette for skadar, så bruk vernebriller. Hugs også vernebriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri. Dei fleste fyrverkeriutsal deler ut vernebriller gratis eller sel dei for ein rimeleg penge.

Kun lov på nyttårsaftan

Bruk av fyrverkeri er berre lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Det skal ikkje brennast av fyrverkeri, uansett klasse, dersom det kan oppstå fare for brann eller personskade.

Slik bruker du stjerneskot riktig

Stjerneskot skal berre brukast utandørs. Hald stjerneskotet på strak arm i god avstand frå andre menneske. Ikkje vift framfor ditt eige eller andre sitt ansikt, og bruk vernebriller for å unngå gneister i auga. Ikkje bunt fleire stjerneskot saman – då kan det verte store flammar som slår tilbake i handa.

10 gode råd om bruk av fyrverkeri

  • Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid og finn ein eigna stad
  • Les bruksanvisninga nøye før bruk
  • Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada
  • Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
  • Bruk vernebriller og tennstav
  • Bøy deg aldri over tent fyrverkeri
  • Når lunta er tent, snu ansiktet raskt vekk og kom deg på trygg avstand
  • Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk
  • Hald god avstand frå oppskytinga
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
  • Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal returnerast til forhandlar

Sist oppdatert: 28.12.2022
Publisert: 28.12.2022