Fotlandsvåg barnehage
Om oss
- Opningstid : 7.00 - 16.30
- Beliggenhet: Fotlandsvåg barnehage ligg sentralt i bygda. Bygget er arkitektteikna og består av to avdelingar på eit plan; ein småbarnsavdeling og ein storbarnsavdeling.
- Vi har barneskulen og idrettsanlegg med kunstgrasbane som næraste nabo. Nærmiljøet kring barnehagen er fredeleg og oversikteleg, godt skjerma frå hovudvegen.
- Vi har variert nærmiljø med skog, sjø og turløyper og bebyggelse.
Særpreg og pedagogisk målsetjing
-
Vi vil vera med å skapa ein god barndom i eit inkluderande trygt og godt barnehagemiljø
-
Tilvenninga skjer over lang tid med barnet ditt sine behov i fokus
-
Leiken har ein sjølvskriven og viktig plass i barnehagen
-
Personalet legg til rette for leik og er aktive ilag med borna for å gi leiken god utvikling
-
Vi arbeider bevisst for å sjå det enkelte barn og deira behov gjennom varme relasjonar
Barnehagen sin organisering
Vi har to avdelingar: Lykkedyret 1-3 år 9 barn
Tussalusa 3-5 år 18 barn
Kontakt oss
Styrar: Siri Vaarvik
- Telefon: 56 19 27 55 / 952 95 449
- E-post: siri.vaarvik@osteroy.kommune.no
E-post: fotlandsvag.barnehage@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Tusselussa: 945 08 702
- Lykkedyret: 408 06 920
Besøksadresse:
Osterøyvegen 2691
5283 Fotlandsvåg
Kvifor velje Fotlandsvåg barnehage?
Høg kompetanse på språkstimulering
-
Barnet ditt får tileigna seg språk ved at personalet bevisst set ord på alt barnet omgir seg med i løpet av ein dag. Språket vert tilpassa etter alder med fokus på forståing og auka ordforråd
-
Barnet ditt får delta i høgtlesing av biletbøker og varierte kvardagsamtaler med personalet
-
Barnet ditt får auke ordforrådet, læra rim, regler, song og musikkaktivitet
-
Skulestartarane får tett samarbeid med Fotlandsvåg skule. Vi får bruke klasserom, gymsal og leikeplass. Vi har gode overgangsrutinar før skulestart.
-
Vi samarbeider med biblioteket gjennom utlån av bøker til barnehage og heim
-
Vi er opptekne av å hjelpe barn med språkvanskar.
-
Fleirspråklege barn får utvikle norskspråklege ferdigheitar før skulestart
Aktivt friluftsliv
-
Barnet ditt får bruka ein flott lavvo som er laga i trevirke. Den ligg rett oppi skogen ved barnehagen. Den brukar vi for 2-5 åringane minimum ein gong i veka
-
Barnet ditt får god tid å utforske naturen. Vi legg til rette for å vise, fortelje borna alt vi ser, finn av naturmateriale. Øve på å filosofere og lære sjølv gjennom undring og samtale med personalet
-
Barnet ditt får allsidig motorisk trening i ulendt terreng med utfordring og spenning
-
Barnet ditt får variert erfaring med å vera ute i alle årstider, læra seg å takle ulike naturmiljø ilag med trygge voksne
-
Barnet ditt får vera med å dyrke grønnsaker i kjøkkenhagen vår
Leik med meining
-
Barnet ditt får leike mykje inne og ute iløpet av ein dag i barnehagen
-
Personalet er opptekne av at borna skal få medverke kva dei vil leike
-
Personalet legg til rette og er aktive i leiken saman med borna
-
Personalet legg til rette for å variere leikemateriell inne og ute
-
Barnet ditt får delta i leikegrupper fleire gonger i veka slik at borna får erfare leik med mange forskjellige barn
-
Barnehagen har stor fokus på eit trygt og inkluderande leikemiljø
Våre tilsette
- I Fotlandsvåg barnehage jobbar eit godt kvalifisert personalet med lang praksiserfaring.
- Vi har to pedagoger på kvar avdeling, og fleirtalet av assistentane er fagarbeidarar. Pedagogane har etterutdanning i bl.a spesialpedagogikk og barn si språkutvikling.
- Vi jobbar kontinuerlig med å auke kompetansen til alle tilsette gjennom systematisk arbeid med språkløyper, ny forsking og erfaringsutveksling.
Årsplan
Les gjerne Årsplanen for 2023-2024, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.