|
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
 Publisert 09.03.2010
Mattilsynet har sendt ut følgjande hastevedtak: "Mattilsynet forvalter lov om dyrevelferd og kan etter §30 føre tilsyn og fatte nødvendige vedtak. Bakgrunn Mattilsynet har i den siste tiden mottatt en rekke henvendelser og ved tilsyn registrert umerkete, syke og døde småfe i området rundt Storavatnet på Osterøy.
 Publisert 02.03.2010
Ein kan no søkja om barnehageplass frå hausten 2010 i dei kommunale og private barnehagane. Osterøy kommune har eit samordna opptak for private og kommunale barnehagar - og med felles søknadskjema.
Ny søknadsfrist for hovudopptak er 5. mars. 2010
 Publisert 02.03.2010
Formannskapet har nytt møte onsdag 10. mars, kl. 13.00 i Osterøy rådhus. På sakslista til møtet står m.a. søknad frå Sjøtroll AS om endring på lokalitet Tepstad, godkjenning av reguleringsendring Loftås, søknad om redusert fartsgrense på Hallandsflaten og søknad om forlenga kommunal støtte til Osterøy bygdebok.
Saksliste med dokument finn du ved å klikka på "les mer" og opna fila under.
 Publisert 28.02.2010
Eigedomsskattelista ligg til offentleg ettersyn 1.mars - 26.mars
 Publisert 26.02.2010
Grunna ein langvarig kuldeperiode med tørt ver er kapasiteten i Askelandsvatnet sterkt redusert.
Ein ber difor alle abonnnentar om å ta omsyn i denne situasjonen og spara på vatnet.
Ein bør og kontrollera om det kan vera lekkasje eller kranar som renn unødig.
Lekkasjar på det kommunale nettet må meldast til kommunen.
Evt. spørsmål til Osterøy kommune, tlf 56192100 eller vakttelefonen, 56390126.
 Publisert 25.02.2010
Heradsstyret hadde møte 17. februar. Ved å klikka på "les mer" og fila under finn du protokollen med vedtak i sakene.
 Publisert 22.02.2010
Jostein Førre, Bergen, er tilsett som controller i Osterøy kommune. Han er 32 år, siviløkononom og er f.t. tilsett som personal-/økonomikonsulent, avd. Åsane heimesjukepleie. Han har gjennomført KS sitt traineeprogram, avdeling for utgreiing og kommuneøkonomi. Jostein Førre har praksis frå Alta kommune som traine v/rådmannens stab og deretter som rådgjevar på avd. for samfunnsutvikling.
Jostein Førre har elles ein allsidig bakgrunn der m.a. fagbrev innan trevare og møbelsnekring inngår, og han har vore aktivt med i familieverksemda heime i Førresfjorden. Fritida vert i hovudsak nytta saman med familie og vener, og gjerne til ymse friluftsaktivitetar.
Rådmannen er glad for at Jostein Førre no har teke imot stillinga. Tiltredingsdato er avtalt til 15. mars.
Viktige arbeidsoppgåver for controlleren vert oppfølgjing og utvikling av økonomiske styringssystem samt kvalitetssikring av desse. Rapporteringsarbeid på alle nivå, der vidareutvikling av bruk av nøkkeltal og indikatorar i verksemdsstyring inngår. Han skal og vera rådgjevar for rådmannen og leiarar i organisasjonen på alle felt innan budsjett og økonomistyring.
 Publisert 10.02.2010
Billettar til spelet "Ole Bull - fossegrimen på Valestrand" 13., 14. og 15. august ligg no ute for sal på www.olebullspelet.no
 Publisert 05.02.2010
5. februar er det 200 år sidan fiolinisten og komponistenOle Bull vart fødd. Biblioteket starta feiringa onsdag 3. februar med arrangement for barnehageborn og skuleborn torsdag. Fredag 5. februar har Senioruniversitet si markering med vitjing av Knut Hendriksen, Ole Bull sitt tippoldebarn og felespelaren Håkon Høgemo.
 Publisert 27.01.2010
Det vart halde ope møte vedkommande tettstadanalysen i Lonevåg onsdag 20.januar. Tilstades var eit tjuetals representantar frå idrett, grendarådet, det lokale næringslivet, byggmeistrarar, grunneigarar, referansegruppa, nytilflyttarar m.m.
Analysen blei presentert og møtet blei avslutta med ei idémyldring. Dei oppmøtte viste stort engasjement og var positive til tiltaket.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Osterøy kommune
|
|
|
|
|
|
5282
Lonevåg
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56192100
|
|
Faks
|
:
|
56192101
|
|
Org.nr.
|
:
|
864.338.712
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1253
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.00 - 15.30
|
|
|