Det er ikkje behov for revaksinasjon av barn under 10 år. Berre personar med nedsett immunforsvar har behov for 2 doser.
Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk har gjennomgått føreliggjande data om effekt og biverkningar av pandemivaksina Pandemix. Konklusjoner er at ein vaksinedose ser ut til å gje god nok effekt for dei aller fleste barn og vaksne.
Personar med nedsett immunforsvar vert framleis rådd til å ta to doser med minimum 3 vekers mellomrom.
Dei som enno ikkje har fått vaksine mot svineinfluensaen ber vi ta kontakt med Valestrand eller Lonevåg Legekontor. Der vil det truleg verta sett opp vaksineringstidspunkt 1 gang/veke på kvart legekontor. Prisen for vaksinering vert kr 150 kroner for barn og vaksne.